Skjåk kommune      Lom kommune   Vågå kommune     Sel kommune        Dovre kommune        Lesja kommune

 

 

Gebyr

Landbruksplast

Informasjon

Miljøstasjoner

Brukthandel

Netthandel

Om NGR

Vedtekter

Ledig stilling

 

 

Informasjon om planlagt brukthandel på nett: sjå lenger nede på denne sida!

--------------------------------------------------------------------------------------------

Velkomen til brukthandelen på Jora miljøstasjon på Dombås!

Opningstid: onsdag kl. 12 -18 

Innlevering av varer kan skje begge dagane når miljøstasjonen er open: måndag og onsdag kl. 12-18.

Overskotet går nå til barne-og ungdomsarbeid i Lesja og Dovre kommunar. Sidan starten av brukthandelen i 1994 er det omsett varer her for 2,37 mill.kr. Av dette er eit overskot på 1,38 mill.kr. gjeve til gode formål i dei to kommunane. Meir historikk om brukthandelen finn du lenger nede på denne sida.

Vi vil nå ei tid framover vise litt av vareutvalet i butikken på denne nettsida. (Kor "ferske" bilda er vil du sjå nederst i høgre hjørne) Vi gjer eit  forsøk her med nokre oversiktsbilder:

Ein stor takk til Fredrik Brækken som er innom og tek nye bilete frå Jora miljøstasjon kver veke! 

Inne i salgslokala for småting. 

I vinter er dette rommet vorten isolert, så no er det god temperatur her heile året.

Bilder i frå "loftet" 

Som ein ser, er det gjort endringar her. Denne jobben er nett påbyrja, og ikkje ferdig enno. Ski, sko og lamper har flytta ut i ei eiga avlukke i hallen. Bøk, filmar o.l. skal såleis få større moglegheit for eksponering på loftet. Brukthandelen har vore så heldig å få fleire kasser med fine bøker frå biblioteket. Desse er på lageret og vi stundar på å få dei på plass på loftet.

Bilder i frå hallen

Her er det "alt mogleg" av større gjenstandar, t.d. møbler, badekar, ski, senger, sekkar, ty, potteskjulere, og barnevogner. (For å sjå ein del av møbla, kan du klikke på peikaren til "prissette ting" under denne serien med bilete.)

For å sjå eit lite utvalg av møbler som er prissett, trykk her.

Brukthandel på nett ?!

NGR vil nå prøve å vidareutvikle brukthandelen ved at (større) varer kan seljast over nettet, utan fysisk å vera innom på Jora. Prinsippet er fortsatt at overskotet går til gode formål i kommunane, og at varene må meldast inn/ leverast til NGR vederlagsfritt. NGR vil administrere ordninga frå kontoret på Dovre, og den kan omfatte alle 6 NGR-kommunane. 

All kommunikasjon vil gå på e-post. Før varen blir presentert på nettet, blir det inngått avtale med gjevar korleis kontakt med kjøpar skal skje. Kjøpar må melde si interesse til NGR. Varen blir i utgangspunktet lagt ut av NGR utan at navn eller adresse på gjevar er oppgjeve, berre kva for kommune/område varen kjem frå. Varen bør ein salgsverdi på minimum kr. 200,- 

NGR er momspliktig for dette salget, og vi må rekne oss ein administrasjonskostnad som vi har stipulert til 30% av salgssummen. Fråtrekt moms og administrasjonskostnader går såleis 50% av salssummen til gode formål i kommunen. 

Overskotet av netthandelen blir ved årsslutt tilbakeført frå NGR til den kommunen der varen kjem frå. (Dvs. varer som blir gjeve til netthandelen frå gjevarar f.eks. i Skjåk kommune, gjev pengar til gode formål berre i Skjåk kommune.) Hittil har følgjande kommunar meldt inn kva for gode formål overskotet skal gå til i 2010:

Skjåk kommune  Delt likt mellom: Friviljugsentralen og Ungdomsklubben
Lom kommune  Lom Idrettsråd (til vidare fordeling)
Lesja kommune  Barne-og ungdomsarbeid
Dovre kommune  Barne-og ungdomsarbeid
Vågå kommune  Barne-og ungdomsrådet (til vidare fordeling)

NGR har ikkje ambisjonar om å konkurrere verken med netthandelen finn.no eller avisannonser, men vi kan hjelpe deg å bli kvitt ting du ikkje lenger treng på ein enkel måte! Eksempel på produkt vi ser for oss i ein slik netthandel er hobbydrivhus og trampoliner..... Var nyttig å ha, men alt har si tid....    

Vil du hjelpe oss slik at vi kan prøve ut dette??

Send i så fall ein e-post til oss på post@ngr.no og legg ved eit bilde og beskrivelse av den tingen du vil gje til netthandelen, samt gjerne foreslå salgspris. Du blir da kontakta av oss, slik at vi kan avtale nærare korleis varen kan seljast, og korleis kjøpar skal kontakte deg. 

Hvis du klikkar deg inn på demo-sida for netthandelen, ser du korleis denne er tenkt å fungere. (NB: denne er ennå ikkje sett i vanleg drift, men den inneheld alt nå varer som reellt er til sals.)

Kontaktperson: Oddbjørn Einbu, tlf. 480 38 444 

----------------------------------------------------------------------------------

Brukthandel på Jora Miljøstasjon på Dombås

På Jora Miljøstasjon på Dombås har det vore brukthandel sidan 1994.

Miljøstasjonen ligg like ved E136, 1,5 km frå Dombås sentrum.

Her kan du finne eit spennande utval av alle slags varer. Ta ein tur da vel !!

Fornøgde kunder i "gaveavdelinga" på Jora. I bygget ved sida av er det utval i møblar og større ting.

 Frå 01.05.2010 er brukthandelen open onsdag kl. 12-18.

Sjukebilane i Lesja og Dovre har i perioda 1994-2004 fått følgjande årlege tilskot frå omsetninga på brukthandelen:

År

Brutto omsetning på brukthandelen (kroner)

Tilskot til sjukebilane i Lesja og Dovre (kroner)

1994

   39.285,-

  39.285,-

1995

   72.676,-

  72.676,-

1996

   75.637,-

  75.637,-

1997

   90.257,-

  90.257,-

1998

100.017,-

100.017,-

1999

108.635,-

108.635,-

2000

184.489,-

105.640,-

2001 176.819,-   95.064,- 
2002 189.927,- 102.111,-
2003 208.323,- 112.001,-
2004 204.824,- 110.156,-

Sum

1.450.889,-

1.011.479,-

Frå år 2005 er det vedteke at tilskotet frå omsetninga på brukthandelen skal gå til barne- og ungdomsarbeid i Lesja og Dovre. Årlege tilskot frå omsetninga på brukthandelen til barne- og ungdomsarbeid har vore slik: 

År

Brutto omsetning på brukthandelen,           inkl. mva.

Tilskot til barne- og ungdomsarbeid i Dovre 

Tilskot til barne- og ungdomsarbeid i  Lesja 

2005 208.366,- 40.120,-

40.120,-

2006 239.377,- 35.751,- 35.751,-

2007

270.192,- 47.751,- 47.751,-
2008 239.994,- 30.998,- 30.998,-
2009 219.346,- ? ?
Sum

 2.388.787,-

154.620,- 154.620,-

For at brukthandelen ikkje skal belaste renovasjonsgebyret, går f.o.m. år 2000 ein del av omsetninga til å dekke butikken sine driftskostnader, samt betaling av  meirverdiavgift.

Har du varer som du vil gje til brukthandelen, kan desse leverast når miljøstasjonen er open:

måndag 12-18 og onsdag kl. 12-18. 

Kontaktpersonar: Laila Margrethe Skrede og Terje Vardsveen (975 54 743)

          

Som eksempel på  vareutvalg, kan nemnast: 

 Småruta glas, høytalere, seksjoner, spisestuestoler, lenestoler, 3-seters sofa, skrivepulter, salongbord, enkle og doble senger, barneseng, lekegrind, vaskeservanter, stålbeslag til oppvaskbenk, dører og vinduer, tepper, broderte bilder, maleri, lamper og lampeskjermer, vesker, kofferter, ryggsekker, ski-langrenn/slalom, sykler, grammofonplater, bøker, kjeler, bokser, spann, tallerkener, kaffekopper, glas, serviser, pyntegjenstander, norgesglas og mange andre ting. 

Sist oppdatert: 05.07.10          

                

Hit Counter