Skjåk kommune      Lom kommune   Vågå kommune     Sel kommune        Dovre kommune        Lesja kommune

 

Hentekalender

Bedriftsavfall

Avfallsbehandling

Gebyr

Landbruksplast

Informasjon

Miljøstasjoner

Brukthandel

Netthandel

Om NGR

Vedtekter

Ledig stilling

 

 

Gebyr Skjåk    Gebyr Lom    Gebyr Vågå   Gebyr Sel    Gebyr Dovre    Gebyr Lesja

 

Generelt om gebyrsystemet:

3 gebyrnivå for hushaldningane:  

Abonnentane er delt inn i 3 grupper 
som frå utlevert sekkar for restavfall slik:

 

 

A-abonnent 36 sekkar pr.år 
B-abonnent 48 sekkar pr.år
C-abonnent 24 sekkar pr.år
Prisane i tabellen nedanfor er dei gjeldande kommunale gebyra for den enkelte kommune i året 2011, inkludert 25% mva. Tidlegare styreformannen i NGR, Erland A. Løkken, viser her fram den sekken som skal brukast  for restavfall i alle NGR.kommunane. (Andre sekkar blir ikkje henta.)

C-abonnent

A-abonnent B-abonnent

24 sekkar pr.år 

36 sekkar pr.år 48 sekkar pr.år
Skjåk 2.438,- 2.738,- 3.338,-
Lom  2.338,- 2.650,- 3.037,-
Vågå 2.470,- 2.769,- 3.099,-
Sel 2.338,- 2.645,- 3.071,-
Dovre 2.181,- 2.475,- 2.888,-
Lesja (Lesja: tal for 2010) 2.250,- 2.525,- 2.913,-
Kjøp av rull med 12 stk ekstrasekk

      469,-

 

Dersom ikkje anna er avtala, får alle i utgangspunktet utlevert 36 sekkar pr. år. Restavfallet blir henta 35 gongar pr.år.

  •  Dersom du som ei fast ordning vil ha utlevert 48 sekkar pr. år, får du dette ved å kontakte kommunen din. 

  • Dersom du ikkje har meir restavfall enn at det får plass i 24 sekkar pr.år, kan du inngå avtale med kommunen din om å få utlevert berre 24 sekkar.         (Sjå avtale lenger nede på denne sida.)

  • Alle abonnentar har høve til å kjøpe ekstrasekkar dersom dei får behov  for det. Prisen for ein rull med 12 sekkar er  ca. kr. 469,- inkludert 25% mva.   

-------------------------------------------------------------------------------------------------------

AVTALE  (for C-abonnent med 24 sekkar)

mellom eigar/brukar av gnr. …… bnr. ……feste nr. ..... seksjons nr.......... i …………… kommune,

og …………… kommune om redusert gebyr for sekkerenovasjon.

 

Bakgrunn og formål med avtalen:

For å motivere abonnenten til avfallsreduksjon og gjenvinning, og for å imøtekome eit ønskje frå dei som i utgangspunktet har lite avfall, er det høve til å få utlevert berre 24 sekkar for restavfall pr. år mot eit redusert renovasjonsgebyr.

Alt avfall som abonnenten produserer skal behandlast på forskriftsmessig måte, og alt restavfall skal leverast til kommunen.

(Restavfall = avfall som er att etter at gjenvinnbart avfall og farleg avfall er utsortert).

Krav til abonnenten:

  • Abonnenten har ikkje meir restavfall enn at alt dette kan leverast i 24 sekkar pr. år utan at sekkane blir overfylte eller urimeleg tunge (max.20 kg), eller at abonnenten oppnår dette ved å:

  • Levere papir, papp, drikkekartong, glas, metall og liknande til gjenvinning, eventuelt i tillegg også heimekompostere matavfall.

  • Det skal berre brukast utleverte grå sekkar med NGR-merke.

Sekk som står i stativ ved veg, blir henta 35 gonger pr. år, og abonnenten må sjølv passe på at henting ikkje skjer oftare enn det som er ønskjeleg. Abonnenten skal ikkje levere restavfall til offentlege eller private containere.

Redusert gebyr:

Dersom abonnenten oppfyller krava ovanfor, får han redusert det årlege renovasjonsgebyret i høve til eit normalabonnement (som er 36 sekkar) med den storleiken som kommunestyret til ei kvar tid fastset. For 2011 er denne reduksjonen  ca. kr 300,- inkl. mva.  Kommunestyret fastset neste års reduksjon i gebyret i samband med budsjettet for 2012.

Tidsfristar m.m.:

Abonnenten må ha levert underteikna avtale til kommunen innan 1. september for å bli registrert med redusert gebyr og få utlevert 24 sekkar for komande år.

(Fyll ut denne avtalen med namn, gards- og bruksnummer m.m. og underskrift; og send den til din kommune. Oppseiing av inngått avtale må tilsvarande skje innan  1. september av begge partar.

Underskrift: Eg godtek med dette vilkåra ovanfor for redusert renovasjonsgebyr, og vil ha 24 sekkar utlevert i haust for bruk i år 2012.

 

…………………………………………………………………………namn/adresse

(MED BLOKKBOKSTAVAR)

 

…………………………………………………………………… dato/underskrift

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Sist oppdatert: 24.01.2011