|
Gebyr
Landbruksplast
Informasjon
Miljøstasjoner
Brukthandel
Netthandel
Om NGR
Vedtekter
Ledig stilling

| |
Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap (NGR) er eit
interkommunalt selskap (IKS) som vart etablert i 1997 for kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Sel og
Dovre. Lesja kommune vart i tillegg medlem frå 2003.
-
Selskapet har som hovudformål å ta hand om det avfallet
som oppstår i medlemskommunane på ein miljømessig god måte, til ein
lavast mogleg kostnad.
-
NGR samordnar renovasjonen i medlemskommunane, men
den enkelte kommune har kontakt med hushaldningsabonnentane når det gjeld praktiske
spørsmål, gebyr, fakturering m.m.
-
NGR
overtok frå 1.1.2005 bedriftsrenovasjonen for kommunane
-
NGR har bygd og driv eit
omlastings- og sorteringsanlegg for avfall på
Myrmoen ved Otta, men har elles ikkje investert i eigne behandlingsanlegg
for avfall.
-
NGR
sin administrasjon har
kontor saman med kommuneadministrasjonen i Dovre kommue, på Dovre.
-
NGR har
3 personar fast tilsett i administrasjonen: dagleg leiar Oddbjørn Einbu (100%), sekretær Siv Joramo
(80%), driftsleiar Pål Sverre Andgard (100%).
-
NGR
har 6 personar tilsett for drift av miljøstasjonane: Otta, Dombås og
Bjorli: mottaksleiar Terje Vardsveen (100%), mottaksbetjent Per Gunnar
Rostløkken (100%), betjent brukthandel Laila Skrede (20%), mottaksbetjent
Hans Martin Lie (deltid) Vågå, Lom og Skjåk: mottaksleiar Amund Hånsnar
(80%), mottaksbetjent Mads Jarle Vole (deltid)
-
NGR har eit styre med
6 medlemer, ein frå kvar medlemskommune. Styreleiar er Anita Sletten
Nuvstad, Sel.
-
NGR har eit representantskap med
6 representantar, ein frå
kvar medlemskommune. Leiar i
representantskapet er Rolv Kristen Øygard, Skjåk.
Viktige mottaksanlegg for avfall frå NGR er
bl.a. for 2010:
|
Avfallstype |
Tonn pr.år |
Mottaksanlegg |
Behandlingsform |
|
Restavfall |
7 000 |
Trondheim Energiverk,Heimdal varmesentral,TRONDHEIM
|
Forbrenning med energigjenvinning |
|
Ubrennbart restavfall |
500 |
Renovasjonsselskapet GLØR,
LILLEHAMMER |
Deponering |
|
Papir |
750 |
Renovasjonsselskapet GLØR, LILLEHAMMER |
Sortering og pressing for viderelevering til papirindustrien |
| Papp |
450 |
Midt-Gudbrandsdal
Renovasjonsselskap,
FRYA |
Pressing for viderelevering til papirindustrien
(Ranheim) |
|
Landbruksplast
|
300 |
Folldal Gjenvinning,
FOLLDAL |
Materialgjenvinning, og ein del til enegigjenvinning |
| Jern/metall |
600 |
Stensli A/S
BRUMMUNDDAL |
Materialgjenvinning |
| Asbestplater
|
80 |
NGR har eige deponi på Myrmoen,
Otta |
|
| Betong og andre inetre masser |
250 |
NGR har eige deponi på Myrmoen,
Otta |
|
Medlemer i råd og utval i NGR, sjå eiga side: Råd
og utval i NGR
Selskapsavtale for NGR, sjå eiga side:
Vedtekter
Sist oppdatert:
09.03.2010
|